Jobs
My ads
My job alerts
Sign in
Find a job Employers
Find

Ringevikar/vikar for miljørettleiar

Fedamore
Sogndal kommune
Posted: 17 October
Offer description

Kvåle skule er ein 6-10 skule, liggande ved Kvåle stadion tett ved Fosshaugane Campus. Med om lag 400 elevar og eit personale på kring 60 tilsette er Kvåle skule ein av dei største skulane i Sogn.Som ringevikar er du med på å gjere skulekvardagen til elevane så god som mogleg. Dette gjer du ved å følgje enkeltelevar tett, i tiltak eller i klasse. Du samarbeider jamleg med andre tilsette i tiltaket og føresette for å kunne leggje best mogeleg til rette for ein god meiningsfull kvardag for eleven. Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for einskildelevar, og dersom du har moglegheit til å stille på kort varsel så er dette jobben for deg.ArbeidsoppgåverStillinga som ringevikar er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog med dei andre tilsette i teamet, foreldre og med rettleiing frå eksterne.Du skal mellom anna:Skape meiningsfylte dagar for einskildelev ved skulen.Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og leggje til rette for deltaking i daglege aktivitetarHandtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måteFølgje opp individuelle planarUtføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personaleBidra til eit godt skule og arbeidsmiljøArbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt besteGi eleven sosial trening og eigenmeistringKvalifikasjonarFørst og fremst søker me deg med ei genuin interesse for å arbeide med elevar med samansette hjelpebehov og diagnosar.Inga krav til formell utdanning, men me søker primært etter studentar innan helsefag eller deg med relevant arbeidserfaring.Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme, utfordrande åtferd og arbeid med born vil vere ein fordel.Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som har erfaring rundt elevtiltak knytt til utfordrande åtferd, sosiale utfordringar og andre relevante problemstillingar.Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.Personlege EigenskaparPersonlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Me ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i møte med krevjande utfordringar og evnar å arbeide i eit team.Me TilbyrSom ringevikar på Kvåle skule kan du vente deg:ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.gode pensjons- og forsikringsordningar.gode velferdsordningar.Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Apply
Create an E-mail Alert
Job alert activated
Saved
Save
Similar jobs
jobs Fedamore
jobs County Limerick
jobs Munster
Home > Jobs > Ringevikar/vikar for miljørettleiar

About Jobijoba

  • Company Reviews

Search for jobs

  • Jobs by Job Title
  • Jobs by Industry
  • Jobs by Company
  • Jobs by Location

Contact / Partnership

  • Contact
  • Publish your job offers on Jobijoba

Legal notice - Terms of Service - Privacy Policy - Manage my cookies - Accessibility: Not compliant

© 2025 Jobijoba - All Rights Reserved

Apply
Create an E-mail Alert
Job alert activated
Saved
Save